Prosjektutvikling, prosjektleiing og rådgiving

Neste Prosjekt AS er eit prosjekt- og rådgivingsselskap som hjelper kundar med å utvikle, planlegge og gjennomføre større prosjekt.

Vi kombinerer erfaring frå prosjektutvikling, teknisk prosjektleiing, økonomi, rekneskap og praktisk landbruk. Det gir oss eit godt utgangspunkt for å forstå både den praktiske kvardagen til kunden og krava som kjem frå bankar, leverandørar, rådgivarar og offentlege aktørar.

Folka bak

Portrett av Jan-André Førde Systad

Jan-André Førde Systad

Dagleg leiar

Prosjektleiar med brei erfaring frå større tekniske prosjekt, kombinert med voksenagronomutdanning og praktisk erfaring frå drift av eigen gard. Arbeider med prosjektutvikling, tidlegfase, behovsavklaring, tekniske og økonomiske vurderingar, leverandørdialog, koordinering og prosjektgjennomføring.

Utdanning

  • Executive Master of Management, BI (modular pågår)
  • Voksenagronom, Mo og Jølster vidaregåande skule (2018–2020)
  • Bachelor elektroingeniør med spesialisering i automasjon, Høgskulen i Sogn og Fjordane

Utvalde erfaringar

  • Prosjektleiarerfaring frå større tekniske prosjekt innan skipsbygging, entreprenørverksemd og rådgiving
  • Erfaring med prosjektutvikling og tidlegfase, inkludert direkte kundedialog, behovsavklaring og vurdering av ulike tekniske løysingar
  • Koordinering mellom kunde, leverandørar og design/engineering
  • Kostnadsestimat, økonomiske vurderingar og kost/nytte-vurderingar
  • Prosjektleiar for totalentreprise på nybygg sjukehus på om lag 15 000 m²
  • Praktisk erfaring frå drift av eigen gard og forståing for landbruksbygg og bonden sin kvardag
  • Eigne landbruksbygg: Byggherrerepresentant for bygging av nytt grisefjøs på eigen gard. Ved utviding av ammekufjøset stod han sjølv for størstedelen av prosjekteringa og utførte om lag 80 prosent av byggearbeidet, inkludert montering av innreiing og mekanisk utstyr.
jafs@nesteprosjekt.noLinkedIn-profil
Portrett av Tom Peder Jakobsen

Tom Peder Jakobsen

Siviløkonom og statsautorisert rekneskapsførar

Siviløkonom, statsautorisert rekneskapsførar og sertifisert berekraftsrådgivar. Spesialisering innan landbruksrekneskap, med brei erfaring frå næringsutvikling, investeringsprosjekt og strategisk rådgiving. Medlem av Skatteklagenemnda sidan 2016, og bidreg med solid kompetanse innan økonomi, skatt, berekraft, risiko og prosjektutvikling.

Utdanning

  • Siviløkonom
  • Statsautorisert rekneskapsførar
  • Sertifisert berekraftsrådgivar

Utvalde erfaringar

  • Spesialisering innan landbruksrekneskap
  • Medlem av Skatteklagenemnda sidan 2016
  • Erfaring frå næringsutvikling, investeringsprosjekt og strategisk rådgiving
  • Kompetanse innan økonomi, skatt, berekraft og prosjektutvikling
  • Prosjektbasert arbeid med implementering av kvalitetsstyringssystem, system og rutinar for anti-kvitvasking, verksemdsretta risikovurderingar og organisatorisk utvikling
  • Erfaring med prosjekt på tvers av selskap, med involvering av tilsette, leiing og styre
tom@nesteprosjekt.noLinkedIn-profil