Prosjekterfaring

Neste Prosjekt AS hjelper byggherrar med å skape struktur, framdrift og oversikt i prosjekt med mange fag, leverandørar og avgjerder.

Prosjekt vi kan bidra i

Vi har eit særleg fokus på landbruk, landbruksbygg og tekniske investeringar, men kompetansen vår kan også nyttast i andre bygge- og tekniske prosjekt der det er behov for prosjektutvikling, prosjektleiing, koordinering og økonomisk kontroll.

Aktuelle prosjekt kan mellom anna vere:

  • nye fjøs og andre landbruksbygg
  • ombygging og utviding av eksisterande driftsbygningar
  • biogassanlegg og andre energi- og miljøinvesteringar
  • større tekniske installasjonar og oppgraderingar
  • rehabilitering og ombygging
  • industri- og produksjonsbygg
  • prosjekt med fleire entreprenørar, leverandørar og tekniske fag
  • prosjekt der byggherre eller finansieringspart ønskjer uavhengig prosjektoppfølging

Lista er ikkje uttømmande. Har du eit prosjekt der det er behov for betre struktur, koordinering eller kontroll, tek vi gjerne ein prat om korleis vi kan bidra.

Slik kan vi bidra

Behovet varierer frå prosjekt til prosjekt. Vi kan gå inn i enkelte fasar eller følgje prosjektet over lengre tid.

Aktuelle oppgåver er mellom anna:

  • prosjekt- og framdriftsstyring
  • gjennomgang og oppfølging av tilbod og kontraktar
  • møte- og aksjonsoppfølging
  • kostnadsstyring og økonomioppfølging
  • endringshandtering
  • leverandør- og entreprenøroppfølging
  • koordinering mellom fag og aktørar
  • risikostyring
  • rapportering til byggherre, bank og andre interessentar
  • teknisk oppfølging og avklaringar
  • likviditetsanalysar og økonomiske vurderingar
  • berekrafts- og miljørådgiving

Rolla og omfanget blir alltid tilpassa prosjektet, kunden sitt behov og kva ansvar som allereie ligg hos andre rådgivarar, entreprenørar og leverandørar.

Prosjektutvikling og tidlegfase

Vi har erfaring med å hjelpe kundar tidleg i prosessen – før prosjektet er låst til ein bestemt løysing.

Aktuelle oppgåver i tidlegfase er mellom anna:

  • avklare behov med kunde
  • undersøke alternative tekniske løysingar
  • involvere og evaluere leverandørar
  • koordinere mot design og engineering
  • vurdere investering og kost/nytte
  • utvikle løysinga før prosjektet blir låst

Dette arbeidet krev ikkje at vi har formelt ansvar for det endelege prosjekterande. Vi kan identifisere behovet for spesialistar, hente inn rette fagpersonar og koordinere arbeidet på vegne av kunden.

Systemimplementering, kvalitet og risikostyring

Vi har også erfaring med prosjektbasert arbeid knytt til utvikling og implementering av styringssystem i verksemder.

Dette omfattar mellom anna arbeid med:

  • kvalitetsstyringssystem
  • system og rutinar for anti-kvitvasking
  • verksemdsretta risikovurderingar
  • implementering på tvers av selskap og organisasjonar
  • involvering av tilsette, leiing og styre
  • planlegging, gjennomføring og oppfølging av nye system og arbeidsprosessar

Slike prosjekt krev mykje av den same grunnkompetansen som andre prosjekt: tydelege mål, involvering av rette personar, strukturert gjennomføring, dokumentasjon og oppfølging over tid. Erfaringa styrkar Neste Prosjekt AS si evne til å bidra også i prosjekt som handlar om organisering, kvalitet, risikostyring og utvikling av interne system – ikkje berre fysiske byggeprosjekt.

Erfaring vi tek med oss

Bak Neste Prosjekt AS ligg erfaring frå prosjekt i svært ulik storleik – frå eigne landbruksbygg til komplekse bygge- og tekniske prosjekt i hundremillionersklassen.

Landbruksbygg – frå byggherresida

Vi kjenner landbruksbygg også frå byggherren sin stol.

Ved ombygging og utviding av eigen driftsbygning for ammeku vart prosjektet følgt frå planlegging til ferdig bygg, med ansvar for mellom anna tekniske løysingar, økonomi, framdrift, leverandørar og oppfølging mot bank og Innovasjon Norge. Store delar av bygge- og monteringsarbeidet vart også utført som eigeninnsats.

Erfaringa blir vidareført i eit nytt slaktegrisprosjekt på om lag 1 000 m² og ei investeringsramme på rundt 15 millionar kroner. Her omfattar byggherrerolla mellom anna prosjektering og tekniske avklaringar, kontraktar, økonomi, framdrift, leverandøroppfølging, finansiering og koordinering mellom dei ulike aktørane i prosjektet.

Det gir ei praktisk forståing av kva det faktisk inneber å vere bonde og byggherre samtidig.

Nye Førde sjukehus – Livabygget

Erfaring som prosjektleiar på entreprenørsida ved oppføring av Livabygget ved Nye Førde sjukehus.

Prosjektet hadde ei verdi på over 500 millionar kroner og vart gjennomført som totalentreprise. Rolla omfatta overordna prosjektansvar på entreprenørsida, med koordinering og oppfølging av dei ulike faga som inngjekk i leveransen.

Erfaringa omfattar mellom anna framdrift, økonomi, entreprenør- og leverandøroppfølging, tekniske avklaringar og koordinering i eit stort og komplekst byggeprosjekt.

Bulandet Miljøfisk

Erfaring frå byggherresida i eit landbasert oppdrettsprosjekt med investeringsramme på over 100 millionar kroner.

Arbeidet omfatta kontraktsoppfølging, assisterande byggeleiing og oppfølging av systematisk ferdigstilling.

Rolla gav erfaring med å representere og støtte byggherren i eit teknisk krevjande prosjekt med mange leveransar, grensesnitt og aktørar.

Jølstra kraftverk

Erfaring som assisterande byggeleiar på byggherresida ved bygging av Jølstra kraftverk, eit prosjekt i hundremillionersklassen.

Arbeidet omfatta mellom anna systematisk ferdigstilling og systemutprøving, i tillegg til generell støtte til byggeleiinga.

Prosjektet gav verdifull erfaring med strukturert ferdigstilling, tekniske grensesnitt, dokumentasjon og koordinering i eit stort teknisk anlegg.

Store tekniske prosjekt og skipsbygging

Gjennom fleire roller innan skipsbygging ligg det også omfattande erfaring frå store og komplekse tekniske prosjekt, ofte med verdiar på fleire hundre millionar kroner.

Rollene har mellom anna vore prosjektleiar, teknisk prosjektleiar og prosjektingeniør innan røyr- og maskinsystem.

Erfaringa omfattar prosjektgjennomføring, økonomi, framdrift, teknisk koordinering, leverandøroppfølging, kontraktar, endringar, klasse- og myndigheitskrav og ferdigstilling.

Denne erfaringa er direkte overførbar til byggeprosjekt der mange tekniske fag, leverandørar og kommersielle grensesnitt skal fungere saman.

Erfaring frå store prosjekt – forståing for dei små detaljane

Prosjekta kan vere svært forskjellige, men mykje av god prosjektgjennomføring handlar om det same: klare ansvar, gode avklaringer, kontroll på økonomien, realistisk framdrift og systematisk oppfølging av det som er avtalt.

Neste Prosjekt AS tek med seg erfaring frå store og komplekse prosjekt inn i landbruket – samtidig som vi kjenner den praktiske kvardagen og økonomien til bonden.

Målet er ikkje å gjere prosjektet meir komplisert. Målet er å gjere det enklare å ha kontroll.