Byggherrerepresentasjon i landbruket

Byggherrerepresentasjon er tenesta vi tilbyr landbruket. Vi står på bonden si side i byggeprosjektet, og passar på at det som er avtalt faktisk blir levert.

Landbruk er eit særleg satsingsområde for Neste Prosjekt AS. Vi kjenner den praktiske kvardagen på garden, og vi veit kva som skjer når ein skal byggje større driftsbygningar samtidig som drifta går vidare.

Som byggherrerepresentant er vi din part i prosjektet: vi følgjer opp entreprenørar og leverandørar, held oversikt over økonomi og framdrift, og rapporterer uavhengig til deg og banken.

Dette kan vi gjere for deg

  • oppstart, behovsavklaring og planar for nytt fjøs, utviding eller ombygging
  • gjennomgang av tilbod, kontraktar og leverandørstruktur
  • økonomioppfølging, budsjett, endringar og bankrapportering
  • framdrift, møte, synfaring og oppfølging mot entreprenørar og leverandørar
  • risikovurdering og uavhengig rapportering til bonde og bank
  • sluttfase, overtaking, restpunkt og dokumentasjon
Sjå kva vi følgjer opp i prosjektet

Kvifor byggherrerepresentant

  • Du byggjer kanskje éin gong i livet – leverandørane byggjer kvar dag.
  • Du får ein uavhengig part som ser prosjektet frå din stol, ikkje frå leverandøren sin.
  • Banken og Innovasjon Norge får ryddig dokumentasjon og status undervegs.
  • Du får meir tid til drifta, og mindre tid til papir og oppfølging.

Tilleggstenester for landbruket

Desse tenestene kan avtalast etter behov, anten som ein del av oppdraget eller som avgrensa oppgåver.

  • budsjettgjennomgang og finansieringsgrunnlag
  • driftsøkonomisk vurdering
  • likviditetsvurdering
  • økonomirapportering til bank
  • støtte mot Innovasjon Norge
  • miljø- og berekraftsvurderingar